| 01. juli 2009
QUILTEKURS ” DEN LILLE RØDE”19.- 21. FEBRUAR
FREDAG 18 - 21
LAURDAG 10 - 18
SØNDAG 10 - 16
LÆRAR: Helle Cecilie Esther Løwenskjold
”Gamle blokker, intrikate blokker, applikerte blokker, blokker som til vanleg syast for hand … .ja til og med 9 – patch blokker …. blir som nye i denne søte vesle duken (eller veggbiletet) Her syr vi runde blokker og spisse blokker på papir, slik at de blir enkle, raske og særs korrekte å sy. I tillegg supplerer vi med litt applikasjon slik at alt får eit mykt og vennleg inntrykk. Duken kan syast for hand viss du vil, eller du kan gjera som meg å sy alt saman på maskin. Vi syr ein litt annleis duk med bl. a blokken ”Dresden Plate” på papir. Duken min er sydd i raudt og kvitt men vil sikkert bli nydelig i alle slags fargar – kva med sort og kvitt med bare et lite snev av oransje (eller er eg alt for vill og gal nå ?)?
Ein treng ikkje sy ein heil duk, ein kan sy berre ei lita brikke eller liknande..
Kurset er for alle !
Modell av duken/teppe + nokon andre mindre modellar vil vere å finne hos Lillian på Florø Husflid.
Pris: 1200 kr, medlemar 660.
Kurs i laging av PAPIR
Helgekurs : 26 - 27 februar
FREDAG 18 - 21
LAURDAG 10 - 18
Kurslærar : Silja Nenonen
Silja om kurset:
Målet med kurset er å læra å lage papir frå grunn av, blant anna av planter og gamle aviser. Bli med å oppdag mange av dei fascinerande moglegheitane ein har til å forme og farge papiret under støypeprosessen og tørkinga. Og ikkje minst dei mange bruksområda ein har med det ferdige papiret! Ein kan lage kort, innbydelsar, bilete, skulpturar, bøker og album, for å nemne noko. Berre fantasien set grenser!
Eg vil ha med papir eg har laga, blant anna av Iris,- gamle aviser og bananskal, slik at de får nokre eksempel på dei mange moglegheitene ein har med papir, og kan få litt inspirasjon.
Kurset passar for alle, ein treng ingen forkunnskaper.
Pris: 600 kr, medlemar 480 + evt materiale.
Påmelding innan 16.februar.
PILFLETTING
12.- 13. MARS
FREDAG 18 - 22
LAURDAG 10 - 18
Deltakarane skal arbeide med pil ut frå sitt eige nivå. Dei skal arbeide med ulike fletteteknikkar .
Målet er å lage ein kurv i pil, type kurv avhenger av kor mykje ein kan av dette frå før. Alle lager botn, sideflett, kant og ulike typar hank.
Det er ikkje krav til forkunnskap, alle kan delta og fletter ut frå sin ståstad.
Pris: 900 kr, medlemar 720 + materiale.
Påmelding innan 26.februar.
FRITT MASKINBRODERI - MALE MED CHIFFONG OG TRÅD
9.- 11. APRIL
FREDAG 18 - 21
LØRDAG 10 - 17
SØNDAG 10 - 14
LÆRAR: Susann Dahlberg
Målet med kurset er at med hjelp av tynne japanske chiffonger og fritt symaskinbroderi skal ein bygge opp et bilete som på avstand ser ut til å vere akvarell eller er malt med olje.
Kurset er for det meste praktisk øving for å læra seg dette handverket frå grunnen av, slik at ein seinare kan gå vidare med egne bilete .Bildet ein skal sy er 13 x 18 cm.
Det biletet du ser her er eit av sju ulike motiv som kursleiar har med seg. Om du sjølv har eit bilete du har lyst å sy så kan du det.


